lørdag 16. juli 2011

90 - talsmimring og andre lovbrot....

Onsdag denne veka tok me turen til Christieparken for å drikke og strikke ute i det sjeldne sommerveret. Ida stilte med egenimpotert raudvin frå Frankrike, lagra vel og lenge i påvente av denne perfekte anledninga. Me rigga oss til med nødvendigheiter som pledd, vin og glas, og sjølvsagt strikketøy. Ida byrja (for andre gong) på  leggvarmare, og eg nytta stunden til å komme eit skritt nærare fullføringa av pleddet eg har holdt på med i ei halv evigheit. Eit sånn halvferdig pledd er dessuten eit svært passande friluftstrikketøy, då det vart noko kjølig etter at sola gjekk ned bak Brann Stadion ein plass.


Kvelden i parken var upåklageleg. Noko nervøse var me i starten, drikking i offentlig park er trass alt eit lovbrot, men me var einige om at det var ein (svært liten) risiko det var verdt å ta. Drikkogstrikk har aldri vore betre! Raudvinen gjekk unna, og stemninga nådde nye høgder då me begynte å mimre om klesstilen på 90 - talet.


I løpet av kvelden vart eg nesten ferdig med pleddet (trass rause pausar for å tømma glaset) og Ida fekk byrja på leggvarmarane for tredje gong. 90 - talet fann me inga løysing på, anna enn å prøve å le det heile bort og love oss sjølve at me ikkje skulle falle for freistinga å gå med boblevest og Adidas knappebukser igjen. Heldigvis er strikk på moten i år 2011, og me heng absolutt med i tida! Om det skulle vere viktig...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar