Onsdag denne veka tok me turen til Christieparken for å drikke og strikke ute i det sjeldne sommerveret. Ida stilte med egenimpotert raudvin frå Frankrike, lagra vel og lenge i påvente av denne perfekte anledninga. Me rigga oss til med nødvendigheiter som pledd, vin og glas, og sjølvsagt strikketøy. Ida byrja (for andre gong) på leggvarmare, og eg nytta stunden til å komme eit skritt nærare fullføringa av pleddet eg har holdt på med i ei halv evigheit. Eit sånn halvferdig pledd er dessuten eit svært passande friluftstrikketøy, då det vart noko kjølig etter at sola gjekk ned bak Brann Stadion ein plass.
Kvelden i parken var upåklageleg. Noko nervøse var me i starten, drikking i offentlig park er trass alt eit lovbrot, men me var einige om at det var ein (svært liten) risiko det var verdt å ta. Drikkogstrikk har aldri vore betre! Raudvinen gjekk unna, og stemninga nådde nye høgder då me begynte å mimre om klesstilen på 90 - talet.
I løpet av kvelden vart eg nesten ferdig med pleddet (trass rause pausar for å tømma glaset) og Ida fekk byrja på leggvarmarane for tredje gong. 90 - talet fann me inga løysing på, anna enn å prøve å le det heile bort og love oss sjølve at me ikkje skulle falle for freistinga å gå med boblevest og Adidas knappebukser igjen. Heldigvis er strikk på moten i år 2011, og me heng absolutt med i tida! Om det skulle vere viktig...
Viser innlegg med etiketten drikkogstrikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten drikkogstrikk. Vis alle innlegg
lørdag 16. juli 2011
fredag 10. juni 2011
Mest drikking....
Det blir ein noko spontan drikk&strikk onsdag kveld. Sidan værmeldinga ikkje held det den lover, inviterer Ida på pizza. Me satsar på te også denne gongen, men med tidlegare erfaringer friskt i minnet, vert det tilsett litt øl og. Eg syns det høyrer med for å fullføre den noko eksotiske (for meg) stemninga med frossenpizza og studentkollektiv i sentrum.
Etterkvart trakk me oss tilbake til Ida sitt rom. Kjøkkenet egnar seg ikkje til strikking for min del, sidan eg brukar for mykje energi på å pusse det opp inne i hovudet mitt. Det er lettare å konsentrere seg om handarbeid når ein kan sette tekoppen på eit teakbord frå 50-60 talet. (og eg tenker at det ikkje er rart det ikkje vart strikka så mykje på 80 - talet...).
Eg har starta på ei trøye til Leon og Ida har ikke starta på noko som helst. Men ho er ferdig med gensaren, og har nokre planar og eit fint garn kjøpt på Fretex. Garnet er riktignok ikkje nøsta fint opp, men heller rota stygt saman (antakligvis derfor det havna på Fretex). Ida brukar dermed kvelden på å nøste, medan eg strikkar ca 2 og ei halv runde på trøya, før eg tilbyr meg å hjelpe. Ikkje vår mest produktive drikk&strikk, men det har då heller aldri vert noko mål.
(det vert og stadfesta at raudvin framleis egnar seg best. Øl inneheld som kjent kolsyre, og mistar piffen om ein gløymer han bort i strikkinga).

| Drikka er komen på bordet, og me er igang. |
| Dette er faktisk ein lampe frå IKEA! |
| Nøsting i rasande fart. |
| Øl, te og strikk. |
lørdag 21. mai 2011
Klassisk kveld
Te og strikk er for mange ein velkjend kombinasjon for mange, og te var eit lett val på vår andre (noko spontane) drikkogstrikk kveld. Teen var god den, men personleg ikkje min favoritt akkurat i denne samanheng. Problemet med teen (det gjeld vel varme drikker generelt) er at han vert kald. Og det ganske fort og. Halvegs i ein sokk eller erme på ein gensar er det lett å gløyme koppen ein pinne eller to (det er då og mykje av poenget, les: rusdrikkogstrikk), og teen er kald før ein er kome halveis nedi koppen.
Om eg må velgje mellom dei to me har testa sålangt, så held eg ein knapp på raudvin, eg. Dersom målet er å hindre at bestemor drikk seg høg på koffeinrik te derimot, kan eg anbefale tedrikkogstrikk på det varmaste.
(når det gjeld strikkinga har eg begynt på mitt andre par med sokkar, og Ida har begynt på same erme for andre gong. Det er mogleg at raudvinen er skuld i det).
Ein bra kveld var det uannsett!

torsdag 12. mai 2011
Drikk og Strikk!
Eit fantastisk konsept vaks fram over ei flaske raudvin her ein kveld denne veka. Drikk og Strikk. Ida seier det så bra i bloggen sin, så eg berre linkar, men ein produktiv kveld var det. Eg fekk drukke meg til mot til å strikke "bunadssokkar" i flettemønster for fyrste gong, og resultatet blei svært vellykka, iallefall etter eit glass og to.
| To gode vener, strikketøy og noko å drikke er alt ein treng. |
| Litt problemer med flettemønsteret då eg endå var edru, men det gjekk seg til utover kvelden. |
Abonner på:
Innlegg (Atom)