lørdag 21. mai 2011

Klassisk kveld

Te og strikk er for mange ein velkjend kombinasjon for mange, og te var eit lett val på vår andre (noko spontane) drikkogstrikk kveld. Teen var god den, men personleg ikkje min favoritt akkurat i denne samanheng. Problemet med teen (det gjeld vel varme drikker generelt) er at han vert kald. Og det ganske fort og. Halvegs i ein sokk eller erme på ein gensar er det lett å gløyme koppen ein pinne eller to (det er då og mykje av poenget, les: rusdrikkogstrikk), og teen er kald før ein er kome halveis nedi koppen.

Om eg må velgje mellom dei to me har testa sålangt, så held eg ein knapp på raudvin, eg. Dersom målet er å hindre at bestemor drikk seg høg på koffeinrik te derimot, kan eg anbefale tedrikkogstrikk på det varmaste.

(når det gjeld strikkinga har eg begynt på mitt andre par med sokkar, og Ida har begynt på same erme for andre gong. Det er mogleg at raudvinen er skuld i det).

Ein bra kveld var det uannsett!

2 kommentarer:

  1. No er armen ferdig! Eg byrja på den andre etter både champagne og raudvin i går - med friskt mot og alt for få masker. Nytt forsøk i kveld!

    SvarSlett
  2. og her er endeleg dokumenteringa: http://nettnerding.wordpress.com/2011/06/06/drikk-te-og-strikk-gensar/

    SvarSlett