fredag 10. juni 2011

Mest drikking....

Det blir ein noko spontan drikk&strikk onsdag kveld. Sidan værmeldinga ikkje held det den lover, inviterer Ida på pizza. Me satsar på te også denne gongen, men med tidlegare erfaringer friskt i minnet, vert det tilsett litt øl og. Eg syns det høyrer med for å fullføre den noko eksotiske (for meg) stemninga med frossenpizza og studentkollektiv i sentrum.

Etterkvart trakk me oss tilbake til Ida sitt rom. Kjøkkenet egnar seg ikkje til strikking for min del, sidan eg brukar for mykje energi på å pusse det opp inne i hovudet mitt. Det er lettare å konsentrere seg om handarbeid når ein kan sette tekoppen på eit teakbord frå 50-60 talet. (og eg tenker at det ikkje er rart det ikkje vart strikka så mykje på 80 - talet...).

Eg har starta på ei trøye til Leon og Ida har ikke starta på noko som helst. Men ho er ferdig  med gensaren, og har nokre planar og eit fint garn kjøpt på Fretex. Garnet er riktignok ikkje nøsta fint opp, men heller rota stygt saman (antakligvis derfor det havna på Fretex). Ida brukar dermed kvelden på å nøste, medan eg strikkar ca 2 og ei halv runde på trøya, før eg tilbyr meg å hjelpe. Ikkje vår mest produktive drikk&strikk, men det har då heller aldri vert noko mål.

(det vert og stadfesta at raudvin framleis egnar seg best. Øl inneheld som kjent kolsyre, og mistar piffen om ein gløymer han bort i strikkinga).


Drikka er komen på bordet, og me er igang.

Dette er faktisk ein lampe frå IKEA!

Nøsting i rasande fart.

Øl, te og strikk.

1 kommentar:

  1. visst vart det strikka på 80-talet! sjekk her: http://ellenskreativekrok.blogspot.com/2010/01/strikk-anno-80-tallet.html

    eg kan minnast nokon veldig lodne og mangefarga kreasjonar mamma laga til Pål og eg og seg sjølv kring tiårsskiftet 80/90. trur det gjekk veldig fort å strikka - kanskje eit prosjekt for meg?

    SvarSlett